onsdag 28. desember 2011

Romjulskyr og Dagmarbesøk

På tide med eit blogginnlegg om dei viktige og stabile faktorane i livet, -
no når både Dagmar og skjørtekantane hennar,
(eller nye stormar etter Dagmar!)
 - stendig kjem innom på ekstrabesøk.

Den til høgre er heilt ny - tvillingsystra har eg hatt sidan i vår...
Eg hadde tilogmed gløymd den!
Julepresangny er den uansett!
NB! OPPDATERING:
Solveig på Solveig si side har i ein klarsynt kommentar
namngjeve tvillingkyrne:
Dagros og Dagmar!!!
I 2012 vert det endå ein god grunn til å spare - ei julepakkeny sparekyr!
Skulle det verte ekstra kaldt - er denne julepakkenye varmekyra god å ha i lomma!
Innpakning til papirlommetørkle - kyrastoffet visest best på baksida - julekyrapakke!

Denne litt triste kyra er også frå Lærdalsøyri Brukt og Antikk

Berit knekte julegrana på Rådhusplassen
og det gjorde Dagmar naturlegvis også!
Har lånt biletet frå verdsvevsida Porten.
Inntil i går var julegrana ikkje røyst opp igjen - sikkert like greitt!
Det har vore skader av vinden lengre opp i dalen - her på Ljøsne - også eit lånebilete frå Porten

Biletet frå NrkS&fj av raset på Fylkesveg 53 mellom Fodnes og Naddvik.
Vi feira julehelg i Øvre.
Vi hadde høyrt meldinga om Dagmar - det var heilt stille til lang utpå 1.juledag.
Det tok brått til å blåse sterkt medan vi åt sein middag.
Vi ville reise for å sjå om hus og heim -
  trass i meldingar om å halde seg i ro.
Eg var redd på turen - det låg mykje stein og tre på vegen langs Årdalsvatnet og Årdalsfjorden.
- denne skreda kom etterpå!
Det gjekk bra - og straumen forsvann rett etter vi var heimkomne
Vi leitte fram batteriradioane,
og sparte litt på laptop'batteri, -høyrde og såg ein del på verdsveven -
 men fann ikkje spritapparatet vi har nytta på MC-turane.
Då straumen kom attende neste dag,
 sørga vi difor å lade batteri og heile tida ha varmt vatn på den største termosen,
heilt til meldinga kom i går ettermiddag om stabil straum!
Dagmar har skadd og øydelagd mykje på sin veg -
det er mykje skadd infrastruktur som det vil ta tid å få orden på...
- og mangt har kome i andre rekkjefylgjer enn det var tenkt for alle som har vore på reiser.
Mykje mannskap har arbeid hardt og risikofylt for å gjere det betre for oss hine -
som eigentleg kun har bekymra oss over om varmevatnet i termosen er heitt nok...

Hjå naboen har eit av dei store trea i hagen velta, - utan skade på folk eller eigedomen!
Biletet er frå ein sommarsdag for 5 år sidan.

- og i dag kjem det nye meldingar om ny storm på gang - framleis i skjørtekantane til Dagmar...
Stormen er ikkje sterk nok til å få sitt eige namn - vi får vere glad for det!

lørdag 24. desember 2011

Med ynskje om ei fredfull og vakker julehelg!

Julefreden er komen!



Vi tenner våre lykter
Dette er ein av versjonane på Youtube.
Dei yngste klassane på Lærdalsøyri skule opna julefesten
med å kome inn i salen med lyslykter.
Dei første åra var Bystudenten ein av dei.
Eg vart meir enn blank i augene då, -
og det fortsette eg med etter han var for stor til å delta i barnekoret!
Den betydde starten på julehelga -
og er det framleis.
Denne versjonen er med
med Katzenjammer.

onsdag 21. desember 2011

Hjarteleg tilstades!




Har funne fram
juledukar og juleløparar og julekuler og julenissar og julepynt og julelysestakar og
naturlegvis også julekrybba i oliventre eg handla i Betlehem i oktober 2009.

Korstingsbrodering har alltid vore av dei handarbeid som får meg til å tenkje og sortere tankane,
at fingrane mine ikkje likar det - er ei heilt anna sak! :-D8!
Eg har starta broderinga av bunadsbukseselar til Bystudenten sin Fanabunad,
har det travelt - Husfliden i By'n kunne levere til 17.mai!
Gudmora i By'n har lova å strikke strømpene - (biletet lånt frå norge123.no) !
og kvitsaumen til skjorta må vere ferdig lenge før den tid.
Eg har ein plan om å starte første veka i januar!
Bunadbukseselane kan gjerast ferdig 16.mai - skjortesaumen må vere ferdig før!

I morgontidleg klokka 5.30 er det vintersolkverv
då snur sola -
det går mot lysare tider,
på alle måtar!

Det er mangt som har skjedd siste året, her er innlegget frå sommarsolkverv
- no kan også eg kalle meg ein kreftoverlever!
Går og nynnar på melodien til denne teksten av Finn Kalvik

I MELLOM TO EVIGHETER

Har du drømt om det
Å bli en lykkesmed
De fleste av oss har planer
Som vi aldri gjør noe med
En gammel mann sa på tv
Tenk all tida vi kaster bort
De fleste mennesker angrer bare
På ting de aldri fikk gjort
Jeg tror på et liv før døden
Jeg lever og lærer og er ingen profet
Jeg tror på et liv før døden
For hvem vil vel leve i all evighet
Bruk tida di nå
Før det er for sent
Vær ydmyk, men ta for deg
Din framgang er fortjent
Sjøl står jeg til rors hele tida
Og har plenty av balast ombord
Men går jeg ned ei stormfull natt
Så står jeg ved hvert eneste ord
Døde legender har evig liv
Ja det tror jeg på
Mytene lever til Dovre faller
Sjøl vil jeg leve mitt liv her og nå

onsdag 14. desember 2011

Julekyr - eit innlegg i den omfattande bustadblogginga.

Naturlegvis skulle eg hatt alt på stell, gildt og ferdigpynta!
Funnen her, men ikkje handla,
 hjå Patience Brewster Krinkles.


Naturlegvis - sidan dette aldri kan verte nokon bustadblogg, - 
kan eg melde at verkelegheita i heimen er omtrent slik!:
Funnen her og handla
hjå Lærdalsøyri brukt og antikk.


"Driving home for Christmas" med Chris Rea kan settast på sånn i 17.30 tida på Julaftan,
då har naturlegvis nokon annan gjort jobben ein annan stad.
Men vi har iallefall kjøpt mange julekakesortar på Lærdal husflidslag si julemesse,
og hjå Naustdal dampbakeri,
Dei seier at dei av dei eldste bedriftene i Sunnfjord - gode har dei alltid vore,
med nærare ettertanke
må det vere i meininga at det er av dei som framleis er i gang med same namn.
Vi har plukka alle epla til årets eplejus
av vanleg og raud Aroma og litt Discovery,
ein uvanleg fruktig og søt årgang
- så er eg iallefall godt i gang! 

søndag 11. desember 2011

Smørku utan smør og kosmetisk snø



Denne smørkua har venta på meg hjå Lærdalsøyri Brukt og Antikk.
Dei hadde litt søndagsope for meg i dag -
innrømmer gjerne, - det var ikkje einaste kyra som vart med heim.

På den 3. adventsøndagen har vi ei kjensle av at jula kan verte kvit likevel -
sjølv om smørmangelen framleis er stor!

I dag tok eg nye bilete av Vaskar Anna-loftet denne gongen med kosmetisk snø,
eit mjukt tynt snølag gjer underverk for slike litt kaotiske byggeplassar.
(at det ikkje er like greitt for dei som har det som arbeidsplass - vert noko anna!)



Gravemaskina har gjort litt av jobben -



Den grøne presenning som dekkjer utgravingane har fått eit kledeleg snølag


Det er rimeleg tomt bak hovedtrappa inn til Sanden pensjonat!

Måtte berre låne eit bilete frå verdsvevsida til pensjonatet!








onsdag 7. desember 2011

Huldra på Lunden og Vaskar Anna på Øyri

Hjarte og stjerne vart med heimatt i gårkveld.

I går hengde eg frå meg jakka i ein snekkerverkstad - eg var på Aurland husflidslag sin strikkekafe hjå Huldra i Flåm.

Her er Fjesboksida til Huldra Husflid og Kunsthandverk.



Huldra Husflid og Kunsthandverk og snekkarverkstaden held til i Gamle samvirkelaget i Flåm.
Torill og Wenke driv Huldra -
og snekkaren er mannen til Torill, men også
snekkaren/tømraren eg har skrive om i høve rivinga av Vaskar Anna-loftet.


Jorun Barane frå jord- og hagebruksskulen fortalde historia om Storyteller Sue Reed
og Storyteller-kjolen hennar.
Kjolen vart til medan Sue Reed gjekk/reiste i fleire land, 
- dei ulike mønsterrapportane kom til etterkvart, - inspirert av der ho var.

Storytellerkjolen er utstilt hjå Huldra - og boka som dokumenterer prosjektet fyl med -
i boka kan dei som vitjar utstillinga skrive eller teikne.

Eg har fleire nyare bilete av Vaskar Anna-loftet, sidan eg var på Gamle samvirkelaget i Flåm i går, vart det  naturleg å legge ut nokre av dei!
Vaskar Anna-loftet er vekke.

Vaskar Anna-loftet er mellombels lagra til neste år!
Når ny kjellar er ferdig, - kan Vaskar Anna-loftet byggast oppatt!